For å legge til ditt arrangement: registrer deg eller logg inn


Laster Hendelser

« Alle arrangement

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Kurs i skimaking

februar 15 - februar 18

kr 4200

Lag dine heilt eigne ski i heiltre! Kurset tek føre seg historisk og praktisk innføring i skimakartradisjonen. Med enkle handverkty, som sag, øks og høvel, lærar du å lage terrengski til bruk i laussnø. For å lage eit par gode ski treng ein gode emne, kvast verkty og arbeidslyst. På kurset lærar du å velje gode emne og å setje opp eggverkty. Gleda over å gå på eigaproduserte ski kjennes både berekraftig og som ei oppleving.

Kursleiar er Thomas Aslaksby ved Nørrestogo Skigard i Valdres. Thomas er utdanna i tradisjonsfag frå Vestnorsk kulturakademi og er i dag ein av Noregs fremste skimakarar.

Kurset går over ei langhelg på Voss, frå torsdag til sundag, 15. – 18. februar. Pris på kurset er kr. 4.200,-. Påmelding skjer i nettbutikken på heimesida vår: www.kulturakademi.no. Frist for påmelding er 1. februar. Maks 10 deltakarar.

Velkomen til vintersportveka på Vestnorsk kulturakademi (VKA) på Voss. Her rekk du akkurat å lage eigne nye ski til vinterferien 2018.

Detaljer

Start:
februar 15
Slutt:
februar 18
Kostnad:
kr 4200
Hjemmeside:
http://www.kulturakademi.no

Arrangør

Vestnorsk kulturakademi (VKA)
Epost:
post@kulturakademi.no
Hjemmeside:
www.kulturakademi.no

Sted

Vestnorsk kulturakademi (VKA), Tvildemoen
Magasinvegen 26
Voss, 5705
+ Google Map
Hjemmeside:
www.kulturakademi.no