Forsikring

Om arrangementet ditt er lite eller stort, kan ein koma ut for ulukker. Det viktig å sjekka ut behovet for forsikring før arrangementet er i gang.

 

Forsikring på arrangement er i mange tilfeller ikkje så dyrt, og det kan verta dyrare dersom noko skulle henda eit uforsikra arrangement. Ta kontakt med eit lokalt forsikringskontor, og diskuter behovet med dei.

Dei mest aktuelle forsikringane er desse:

  • Arrangøransvar – evt erstatningsansvar ved skade på person eller ting i forbindelse med arrangement
  • Yrkesskadeforsikring for frivillige og/eller dei som jobbar med arrangementet
  • Forsikring av andre interesser som er særskild for ditt arrangement