Marknadsføring

Marknadsføring av arrangementet er viktig dersom du ynskjer at folk skal koma. Det er ulike måtar å gjera dette på, nokre er gratis medan andre må du betala litt for.

 

Avisa Hordaland

Å annonsera i lokalavisa, Hordaland, er ein god måte å nå mange i Voss og nærkommunane. Sjå informasjonside med annonsestørrelsar, prisar og bestillingsskjemna på Avisa Hordaland sine nettsider.

 

Kle bygda til fest

Ei god marknadsføring er å profilera seg gjennom «Kle bygda til fest»-prosjektet som Festival Voss starta i si tid. Dette er nok mest aktuelt for litt større arrangement og årlege arrangement. Vossa Jazz sit no og koordinerer dette prosjektet, som går ut på å henga opp banner i Vangs- og Uttrågata før og under arrangement. Det er ein pris for å henga der (per gong), samt ein produksjonskostnad (desse kan brukast fleire gonger).

Kontaktinformasjon: Kari Trana (kari@vossajazz.no)

 

Kulturkalendar 

Meld inn arrangementet ditt til Voss Kommune sin Kulturkalendar. Dette gjer du ved å registrera lag/organisasjon på Voss Kommune si nettside, og deretter leggja inn arrangementet i kalendaren. Dette kan du gjerne gjera så tidleg som råd, slik at andre arrangørar ser at datoen er oppteken av anna arrangement. Alle typar arrangement kan leggjast inn i denne kalenderen, uansett størrelse og målgruppe.

 

Kva Skjer-kalendaren

Dersom arrangementet ditt også kan vera interessant for turistar, tilreisande og hytteeigarar, kan du leggja det inn i Kva Skjer-kalendarenVisitVoss.no. Arrangementet vert då også publisert på FjordNorway.com og VisitNorway.com.

Du registerer arrangementet enkelt via dette skjemaet. Arrangementet får då ei eiga side på nettstaden med bilete og anna.

 

Facebook

Å laga ei «hending» på Facebook er ein anna gratis marknadsføringskanal der ein kan nå mange.