Miljø

Det er naudsynt å tenkja på miljøvern og avfallshandtering for ditt arrangement.

 

Indre Hordaland Miljøverk: 

Det er også viktig med god sortering av avfallet. Dette kan du få god hjelp til frå Indre Hordaland Miljøverk, som leverer løysingar for midlertidig avfallshandtering på dei fleste arrangement i Vossaområdet.

Telefon: 56 52 99 00
E-post: ihm@ihm.no

Sjå nettsida deira for meir informasjon til arrangørar. Her får du gode tips og råd til arbeidet!

 

Miljøhandboka:

Miljøhandboka er utarbeida for festivalar og utearrangement, men uansett type arrangement kan du finna gode tips og råd til korleis miljøarbeid kan organiserast og gjennomførast.

 

Økologisk servering

Mat er ein viktig del på mange typar tilstelningar, anten den vert solgt eller servert. Ynskjer du ein miljøvenleg profil på arrangementet ditt bør du vurdera kortreist og økologisk mat. Oikos (Økologisk Norge) har laga ei eiga nettside om økologisk mat på arrangement, der du kan finne tips og konkrete råd om korleis du går fram samt informasjon om kvifor du skal velja økologisk.

Arrangementsmat.no