Politi

Politiet på Voss vil vera med i planlegginga av hendingar som skjer i Voss Lensmannsdistrikt. Dei handsamar årleg fleire hundre søknader om arrangement og tilstellingar. Dei er involverte, og tett på under planlegging og gjennomføring av store idrottsarrangement og festivalar i Vossabygda, i Ulvik, i Granvin og i Vaksdal.

 

Arrangement skal søkja via skjema til politiet, der ein skriv kva arrangementet skal gå ut på.  Dersom arrangementet ikkje går inn i kriteria til søknadsskjema, tek ein direkte kontakt med Voss Lensmannskontor. Lenkje til skjema som pdf finn du nedst på sida.

Det er viktig at arrangørar gjer ein god jobb i førekant av arrangementet, og dimensjonerer vakthald og sjølve gjennomføringa på ein god måte. Utfordringane er ulike – alt frå eit lukka lag med basar og til Voss Cup og Ekstremsportveko. Uansett størrelse oppmodar politiet om melde i frå, søkje når kravd, og involvere politiet i førekant. Dei kan då bistå i prosessen frå start – og vonaleg være til hjelp og støtte heilt til gjennomført.

Merk at ein må søkja om løyve hjå politiet for bruk av fyrverkeri på tilstelningar som fell utanfor nyårsaftan.

Skal ein arrangera lotteri, må Lotteritilsynet få ein søknad frå arrangøren. Dette gjerast enkelt via denne lenkja. 

Politilova § 25: Særlig politioppsyn ved allment tilgjengelige arrangementer. Når det av ordensmessige grunner er påkrevd med særlig polititilsyn ved allment tilgjengelige sammenkomster eller tilstelninger, for eksempel offentlig dans, fester, konserter, festivaler, forestillinger, idrettsstevner og lignende, kan arrangøren pålegges helt eller delvis å dekke utgiftene til dette oppsynet. Det kan kun kreves dekning for utgifter til særskilt politioppsyn som utføres i umiddelbar tilknytning til arrangementet og som tidsmessig står i direkte forbindelse med avviklingen av arrangementet.

Kjelde: Bjørn Inge Aarsand – Politifyrstebetjent/Spes.med. ved Voss Lensmannsdistrikt – Tlf 02800

 

Søknadskjema til Voss Lensmannskontor: 

soknad-om-tilskiping-og-dans-1

soknad-tilskipingar-voss-sentrum