Trafikk

Her finn du nyttig informasjon om kva du må tenkja på rund trafikkbilete ved ditt arrangement.

 

Det er fyrst og fremst Politiet som etter søknad gjev løyver til arrangement på offentlig stad, jf. Politivedtekta og Politilova §11.

 

Vegar og skilting

Der arrangementet føregår på, eller svært nær, offentleg veg krev det normalt også løyver frå vegeigar. Statens vegvesen er vegeigar for europa-, riks- og fylkesvegar. Kommunen er vegeigar for kommunal veg. Arrangement som treng midlertidige skilt, trafikkdirigering eller på anna måte kjem i konflikt med skilt- eller trafikkreglane må ta kontakt med Politiet og vegeigar i god tid. Det er forbode å setje opp, eller ta ned, offentlege skilt utan vedtak og løyve frå vegeigar. Det er berre Politiet som har lov til å dirigere trafikk i samband med arrangement. Oppsetjing av private skilt og reklame nær veg krev løyve frå vegeigar. Det er spesielt viktig å ikkje hindre sikt til andre skilt, gangfelt, kryss og avkøyrsler. For enkelte typar arrangement, t.d. sykkelritt på veg, gjeld eigne reglar.

Ta kontakt med vegeigar, Politiet eller Vegvesenet for nærare forklaring.

Kontaktperson i Statens Vegvesen på Voss: Jostein Vandaskog: 920 63 330 / jostein.vandaskog@vegvesen.no

Kontaktperson for vegar i Voss kommune: Arne Reime: 979 97 161 / arne.reime@voss.kommune.no

 

Parkering

Hugs å dimensjonera parkeringa til storleiken på arrangementet.