Vakthald er viktig når ein samlar mykje folk på ein stad. Spesielt dersom alkohol er involvert, men også der ei potensiell evakuering kan skje.
Nokre hugsereglar:
- 10 vakter ved innandørs arrangement med 100 deltakarar. Over 100; 1 vakt per 20 deltakar
- Vaktane må vera edru og tilstades så lenge tilskipinga varer
- Vaktane skal vera synleg merka (til dømes med vest eller armbind)
- På arrangement med alkoholservering må vaktane vera over 18 år, og vaktleiar må vera over 20 år
- Det er viktig at alle vaktar kan evakueringsplanen, veit kvar brannslokningsutstyr og naudutgangar er og har fått ei opplæring i rutiner og prosedyrer ved naudstilfelle
Hugs å leggja tilrette for rørslehemma med gode tilkomstvegar.
Trengsel kan oppstå der folkemengder er samla, så klare rømningsvegar både for gåande og rullestol er naudsynt for tryggleiksopplegget kring arrangementet.